Austevoll kommune

Hummarfreding rundt Trollsøya

Klikk for stort bilete

Innfører hummarfredingsområde ved Trollsøya for å auke hummarbestanden i Austevoll.

Sjøområda rundt Trollsøya nordaust for Huftarøy blir fredingsområde for hummar. Eit samrøystes kommunestyre vedtok at området skal fredast. Fredinga blir heimla i ei eiga forskrift og tidspunktet for når fredinga trer i kraft vil bli kunngjort særskilt.

Fredinga er eit forsøksprosjekt for å auke hummarbestanden i Austevoll og fredingsperioden er avgrensa til seks år. Tilsvarande forsøk langs kysten av Skagerak har vist svært gode resultat med ein stor auke i talet og storleiken på hummar.

Det har vore medverknad frå nærings- og forskingsaktørar og publikum i saksprosessen. Det var blant anna høyringsmøte 8. januar i år. Saka har blitt behandla av ei ressursgruppe beståande av ordførar Morten Storebø, Odd Ansgar Aarland frå Fiskarlaget, Anders Jelmert og Terje van der Meeren frå Havforskingsinstituttet, og representantar frå Fiskeridirektoratet og kommuneadministrasjonen.

Fredingsområde blir heimla i ei eiga forskrift som formelt blir vedtatt av Fiskeridirektoratet. Derfor er det slik at kommunestyret ikkje har vedtatt hummarfredingsområde, men tilrådd at dette blir etablert og sende forslag om kva område som bør fredast og vilkåra som skal gjelde. 

Tidspunktet for når forskrifta om freding trer i kraft vil bli kunngjort særskilt.

Her kan du lese saksutgreiinga og alle vedlegg til saka.