Austevoll kommune

Hurtigtest før skulestart!


Det er i veke 51 og 52 registrert til saman 27 smitta i kommunen.

Før jul har ein avdeling ved Sjøliv FUS barnehage hatt smitte. Smitta og nærkontaktar ved avdelinga er handtert etter gjeldande reglar og i nær kontakt med smittevernlegen, med isolasjon og karantene.

Alle skular og barnehagar vil få hurtigtestar og som blir fordelt ut via skulane og barnehagane. Skulane er opne søndag kl. 17-18, og foreldra og tilsette kan hente ut ein hurtigtest per person. Barnehagene deler ut testane til sine tilsette. 

FHI og Austevoll kommune rår til å iverksette tiltak som kan avgrense smittespreiing ved skulestart. Vi ønsker at alle elevar og tilsette tar ein hurtigtest før skulestart, i barnehagane gjeld det dei tilsette.  Vi gjer dette som eit tiltak for å unngå lokale smitteutbrot når så mange har vore samla eller vore på besøk og reise i juleferien.

Vi ønsker derfor at alle elevar og tilsette testar seg med ein hurtigtest, mindre enn 24 timer før skulestart. Det vil si søndag ettermiddag/kveld.