Austevoll kommune

Hytteforbodet blir oppheva 20. april

Hytteforbodet blir oppheva frå og med 20. april. Unødvendige fritidsreiser må likevel unngås. Hald deg heime om du er sjuk og reis heim igjen om du blir sjuk medan du er på hytta.

Regjeringa har bestemt at det frå måndag 20. april ikkje lenger er forbode å overnatte i hytta si i ein annan kommune. Det er likevel fortsatt ei sterk oppmoding om at ein reiser minst mogleg for å unngå smittespreiing – unngå reiser som ikkje er nødvendige.

Me veit det kan vere fristande å besøke hytta si i Austevoll i finavêret, og det er no opp til den enkelte om ein skal reise eller ikkje. Viss du må besøke hytta di, så må du halde deg på hytta og følge tilrådingane for å hindre smittespreiing.

Er du i tvil om du er frisk, så oppmodar vi deg sterkt om å halde deg heime. Føler du deg sjuk eller sit i karantene, så ver nær heimen og fastlegen din. Blir du sjuk medan du er her, så bør du reise heim. 

Austevoll har ikkje kapasitet til å teste personar frå andre kommunar for koronaviruset. Kommunen følgjer dei same testkriteria som Bergen kommune og andre nabokommunar, fastsett av Folkehelseinstituttet.

Klikk for stort bilete