Informasjon om asfaltering i Austevoll frå veke 35 - oppdatert 05.09.2022

Oppstart vert 29. august 2022. Sjå lengre nede artikkelen for å få kartutsnitt av dei kommunale vegane som skal asfalterast i haust.

Asfaltering startar tidleg morgon tysdag 06. september på følgande strekningar:

  • Bjånesøyvegen
  • Bjånesøya
  • Bakkavegen
  • Melingsvågvegen

Asfaltering startar tidleg morgon tysdag 13. september på følgande strekningar:

  • Øvre Veivågen
  • Blænesvegen
  • Øklandsvegen

 

Planlagt legging av dekke:

  • Klargjering nordre del veke 35-36. Asfaltering veke 37.
  • Klargjering søndre del veke 36. Asfaltering veke 38.

Prioritert liste er som følger og asfaltering blir utført så langt vi kjem på denne lista ut frå avsatte midler:

  1. Bjånesøyvegen
  2. Bjånesøya - liten utbedring
  3. Blænesvegen
  4. Bakkavegen
  5. Melingsvågvegen
  6. Øvre Veivågen
  7. Øklandsvegen

Vi vil med dette førebu bebuarane i aktuelle område slik at dei kan planlegga sine gjeremål.


Bjånesøyvegen vil bli stengt i periodar i forkant av asfalteringsarbeidet då vegen må gravast opp og det skal etablerast dreneringsrør gjennom denne like sør for det gamle trelastbygget. Dette vil skje i tidsrommet måndag 29. august frå kl. 09.00 – tysdag 30. august kl. 16.00.


Arbeidsvarslingsskjema for Bjånesvegen (PDF, 786 kB)

Kartutsnitt for nedlasting: