Informasjon om influensavaksine hausten 2020

Korleis vert vaksinering i Austevoll organisert? Informasjon om bestilling av time for vaksinering for dei over 65 år (fødd 1955 eller tidlegare)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kven får vaksine frå kommunen?

Austevoll kommune har influensavaksine til alle som er i målgruppa. Sjå meir info under. Andre som ikkje er i risikogruppene må kontakte fastlege for vaksine, men dei får ikkje tilgong til vaksine før tidliegast i desember. Dette har myndighetene bestemt.

Kva koster vaksine frå kommunen?

Nytt av året er at influensavaksinering av risikogruppene kjem inn under frikortordninga. Det betyr at vaksinen kostar 50 kr for deg om du ikkje har frikort, og er gratis om du har frikort, dersom du vaksinerer deg i kommunen og på legekontoret. Apoteka tilbyr også influensavaksine, men då må du betale sjølv.

Når kjem vaksinen?

Myndighetene tilrår at vaksinering skjer så tett opp til influensasesongen som mogleg. Dette for at  verknaden av vaksina ikkje skal går ut for tidleg. Me vil difor starta med vaksinering i veke 44 (frå 26. oktober)

Kor får eg vaksine?

Sjå info nede i artikkelen. Det kjem ny informasjon med timebestilling om ei veke. Ikkje ring legekontoret om influensavaksina enno, det er ikkje opna for timebestilling.

Alle over 65 år (fødd 1955 eller tidlegere)

Det vert vaksinering på Austevollbadet på følgjande datoar: måndag 26. oktober, torsdag 29. oktober, måndag 2. november og torsdag 5. november. Du må bestille time på førehand og vi ønskjer at du bestiller time gjennom det nye systemet vårt for timebestilling:

https://timebestilling.remin.no/austevoll

For å bestilla time må du logga deg inn med bankid.
 

Innbyggjarar som har heimesjukepleie eller som bur i omsorgsbustad:

Du får tilbod om heimevaksinering frå heimesjukepleietenesta.

Bebuarar på sjukeheim:

Sjukeheimen sørger for vaksinering.

Personer som bur i bufellesskap:

Bufellesskapet vaksinerer..

Helsepersonell og tilsette på bufellesskap, tilsette i Austevoll kommune:

Arbeidsplassen ordnar med vaksinering.

Gravide i 2. og 3. trimester (og gravide i 1. trimester som har anna risiko):

Jordmortenesta ordnar med vaksine.

Personar under 65 år som  høyrer til risikogruppene under:

Legekontoret ordnar med vaksinering. Er du usikker på om du skal ha vaksine? Spør fastlegen din.


Risikogrupper er barn og vaksne med :

  • alvorleg luftvegssjukdom: KOLS; astma, cystisk fibrose mm
  • alvorlig hjartesjukdom f.eks hjartesvikt, angina, alvorleg høgt blodtrykk
  • diabetes type 1 og 2
  • kronisk nyresvikt, leversvikt, nevrologisk sjukdom f.eks MS,  hjerneslag, utviklingshemming mm.  
  • BMI over 40
  • nedsett immunforsvar pga sjukdom eller behandling, f.eks kreft, leddgikt, immunsvikt
  • dei som bur i samme husstand som kreftpasientar som er under behandling
  • svinerøktarar

Helsing kommuneoverlegen!

Kontaktinfo

Austevoll legesenter
Telefon 55 08 10 50