Austevoll kommune

Informasjon om oppstart støttekontaktordning

Til alle støttekontaktar og mottakarar av ordninga

Det vert opna opp for oppstart av støttekontaktordninga igjen i Austevoll kommune, gjeldande frå måndag 18. mai 2020. Framleis må ein opptre varsamt i samband med fare for smitte av Covid- 19. Vi vil be dykk følge med på retningsliner/ informasjon som vert lagt ut på kommunen si nettside, og informasjon frå departementet. Dersom det vert innstrammingar i retningslinjer/informasjon frå sentralt hald , vert støttekontaktordninga stoppa igjen. 

Reint praktisk betyr dette for dykk at:

  • Ein må halde 1 meter avstand til kvarandre. Det kan by på problem i samband med bilkøyring, og ein oppfordrar til at ein finn andre måtar å vere saman på. Viss ein må køyre ein tur saman, så må bileigar syte for forsvarleg reinhald av bil før ein møter den ein er støttekontakt til samt sikre ein meters avstand.
  • Både støttekontakt og den som har støttekontakt må vere friske, ingen luftvegssymptomer. Viss ein har symptomer, så må ein halde seg heime, ikkje gå på jobb/ vere saman med brukar/ støttekontakt. Viss symptomer vedvarer, så bør ein teste seg for Covid-19.
  • Ein må ivareta god håndhygiene ved å vaske seg grundig og ofte med såpe og lunka vatn. Og bruke handdesinfeksjonssprit viss ein ikkje har høve til å få vaske hender.
  • Har ein vert i kontakt med nokon som har hatt symptomer på luftvegssjukdom, så ta kontakt med Helseservicekontoret og avklar om det er greit at støttekontakt og mottakar av ordningar møtast.

Ta kontakt med Helseservicekontoret på telefon viss det er noko de lurer på, så vil vi svare så godt det lar seg gjere, eventuelt henvise dykk til rette vedkomande.

Nokre av dei som er brukarar av støttekontaktordinga er i risikogruppa, og tiltaka vi set i verk er for å beskytte alle bebuarar i Austevoll, og spesielt dei som er mest sårbare for sjukdomen.

Kontaktpersonar:

Helseservicekontoret: 55 08 10 00 (sentralbord, Austevoll kommune).

Spørsmål knytt til koronasjukdom i Austevoll: 966 25 320.

Lenke til folkehelseinstituttet si temaside om koronavirus:

https://www.fhi.no/sv/smittsomme-sykdommer/corona/