Austevoll kommune

Informasjon om pasientreiser

Ordninga med pasientreiser held førebels fram som vanleg. Helse Bergen forlenger avtalen med Austevoll Taxi i fire veker.

I ettermiddag kunne Helse Bergen melde at avtalen med Austevoll Taxi om pasientreiser blir forlenga i fire veker.

Det betyr at pasientar med rekvisisjon får transport som vanleg. Målsettinga til helseføretaket er å få på plass ny avtale med transportør i løpet av denne firevekersperioden.

Tidlegare i dag drøfta Helse Bergen saka med ordførar, rådmann og fungerande kommunalsjef for helse og velferd i Austevoll kommune.

Kommunen opplevde administrerande direktør Eivind Hansen og viseadministrerande direktør Randi-Luise Møgster som imøtekomande og innstilte på å finne ei løysing.

Oppmodinga frå Austevoll kommune var at helseføretaket måtte forlenge dagens avtale fram til ny avtale var på plass.

Berre ein time etter dette møtet var avslutta, kunne altså administrerande direktør Eivind Hansen melde at Helse Bergen forlenger dagens avtale i fire veker.

Manglande avtale med Austevoll Taxi ville gjort at pasientar sjølv ville måtte bestille transport og legge ut for reisa. For mange ville dette betydd utlegg på fleire tusen kroner for éi reise.

I tillegg til ekstra belastning for pasientar med rekvisisjon, ville det også påført helseføretak, kommunalen og taxinæringa unødvendig meirarbeid.

Bakgrunnen for saka var at kontrakten mellom Helse Bergen og transportørar i fleire kommunar har utløpt, utan at ein har blitt samde om vilkåra i ny kontrakt.

Dagens avtale er tidlegare forlenga to gonger.

Austevoll kommune har tilbydd å bistå Austevoll Taxi og Helse Bergen i samband med anbodsprosessen om ny kontrakt for pasientreiser.