Austevoll kommune

Informasjon om vasskvaliteten i Austevoll

I forbindelse med vasskrisa på Askøy har vi fått ein del spørsmål om dette er noko som også kunne skjedd i Austevoll. Svaret på dette, er at vi meiner vi har god kontroll på vasskvaliteten i Austevoll.

Vi har eit moderne og godt bygd vassreinseanlegg med både membranfiltrering og ozonbehandling av vatnet. Etter reinsing går vatnet inn i ein reintvasstank i vassbehandlingsanlegget der vi tar dei første prøvane av vatnet. Frå reintvasstanken sender vi vatnet ut i distribusjonsnettet og fram til deg som kunde.

Som du kanskje har lest eller har høyrt om i media, kan vasskrisa på Askøy skuldast forureining i eit høgdebasseng i ein fjellhall/ tunell. I Austevoll har vi også høgdebasseng i distribusjonsnettet, men til forskjell frå det forureina høgdebassenget på Askøy, er alle våre lukka basseng som er plassert oppå bakken og bygd slik at det ikkje skal vere fare for inntrenging av forureina vatn/ overvatn. Som ein del av kvalitetssikringa, vert bassenga jamleg inspisert, og vert vaska dersom det er trong for det.

I tillegg til vassprøvar i behandlingsanlegget, tek vi også prøvar ute i distribusjonsnettet etter ein prøveplan som er godkjent av Mattilsynet. Desse punkta er både før og etter dei ulike høgdebassenga.

Hendingar som dei vi no ser på Askøy, er omfattande og vi føler sterkt med dei som er ramma. I Austevoll Vatn og Avløp fylgjer vi nøye med hendinga på Askøy for å lære av den samtidig som vi går nøye gjennom eigne rutinar og arbeidsprosessar for å sikre at tilsvarande hendingar ikkje skjer her hjå oss.

Dersom du har spørsmål om vasskvaliteten i Austevoll, kan du sende oss ein e-post på avapost@aksa.no eller kontakte oss på telefon 55 08 00 00.

Vi ynskjer deg ein god og varm sumar!

Helsing oss i Austevoll Vatn og Avløp

Fann du det du leita etter?