Informasjon om vidare arbeid med kommuneplanen sin arealdel

Det er kome inn 302 innspel ved 1. gongs høyring av kommuneplan arealdel (KPA). 8 av innspela er motsegn og/eller merknadar frå regionale og statlege myndigheiter. I løpet av sommaren vil det bli gjennomført møte for å avklare motsegn og merknader. Under ligg det oversikt over gjennomførte og planlagte møte.

Planlagte møte

Planlagte møte
Myndigheit Møtetidspunkt
Vestland Fylkeskommune 21. august 2023
Norges Vassdrags- og energidirektorat (NVE) 30. mai 2023
Kystverket 18. august 2023
Forsvarsbygg 22. juni 2023
Statens vegvesen 21. august
Fiskeridirektoratet 19. juni 2023
Direktoratet for mineralforvaltning Fråsegn - ikkje behov for møte
Statsforvaltaren i Vestland Møtedato ikkje satt

Brev frå regionale og statlege myndigheiter ligg som vedlegg.

Det har også kome innspel og fråsegn frå nabokommunar og næring- og interesseorganisasjonar.

Vi har motteke omlag 280 private innspel knytt til grunneigedommar. Innspela er arkivert og du finn kvart innspel med namn, journalpostnummer/dokument ID og dato innspelet er motteke. 

Du finn oversikt over innspel i to dokument. Dei ligg som vedlegg.

Sak 21/57 - Innspel motteke utanom høyring 2021-2022
Sak 23/443 - alle innspel til 1. gongs høyring
 

Vidare arbeid med kommuneplanen

Etter at høyringsfristen gjekk ut, er det rådmannen som følger opp høyringsinnspel, har kontakt med offentlege myndigheiter, og førebur KPA til 2. gongs behandling i kommunestyret.

Alle innspela vil bli systematiserte for å få fullstendig oversikt. Mange har kome med innspel fleire gonger. Kvart av innspela blir vurdert og vurderinga blir gjennomført etter dei føringane som er gitt i planprosessen.

Rådmannen går no gjennom varsel om motsegn og merknader frå regionale og nasjonale myndigheiter, og gjer vurderingar på motsegna og merknadene. Rådmannen legg deretter fram ei tilråding til kva motsegn og merknader som skal bli oppretthalde og kva ein skal imøtegå.
Referat frå møta med regionale og statlege myndigheiter vil ligge ved saka når den kjem til politisk behandling i kommunestyret. Nytt planforslag med alle endringar vil bli lagt fram for ny politisk behandling før 2. gongs høyring. Etter vedtak i kommunestyret vil planforslaget KPA bli sendt ut til 2. gongs offentleg høyring med høyringsfrist på 8 veker. Det vil bli ny offentleg medverknadsprosess i denne høyringsperioden.

Framdriftsplan

Brev og oversikter

Statsforvaltaren i Vestland (PDF, 10 MB)
Vestland fylkeskommune - fråsegn (PDF, 14 MB) 
VLFK - Kulturminne og kulturmiljø (PDF, 7 MB) 
VLFK - infrastruktur og veg (PDF, 9 MB)
Norges vassdrags og energidirektorat (NVE) (PDF, 6 MB) 
Kystverket - fråsegn (PDF, 11 MB)
Forsvarsbygg - fråsegn (PDF, 237 kB)
Statens vegvesen - fråsegn (PDF, 2 MB)
Fiskeridirektoratet - fråsegn (PDF, 165 kB)
Direktoratet for mineralforvaltning - fråsegn (PDF, 2 MB)
 

Sak 21/57 - innspel mottatt utanom høyring 2021-2022 (XLS, 34 kB)

Sak 23/433 - alle innspel til 1. gongs høyring (XLS, 106 kB)