Austevoll kommune

Informasjon til deg som har rett på pasientreise

Helse Bergen har ikkje fått på plass ny avtale om pasientreiser. Frå måndag må derfor pasienten sjølv bestille drosje og legge ut for reisekostnaden.

Mangel på avtale medfører at pasienten sjølv må bestille og legge ut for reisa.

Har du allereie bestilt ei drosjereise med pasientreiser?

Du som har ei bestilling vil anten få sms eller telefon frå pasientreiser med informasjon om kva du skal gjere.

Har du spørsmål, ring pasientreiser tlf. 05515.

Sjå også helsenorge.no/pasientreiser.

Pasientreise til lege eller fysioterapi internt i Austevoll

Slik går du fram:

  1. Ring legekontor som godkjenner at du treng pasientreise. 
  2. Du må sjølve bestille drosjen. Sjå telefonnumra nederst i artikkelen.
  3. Du må legge ut for drosjeturen sjølv. Husk kvittering!
  4. Du kan søke på nett om å få igjen reiseutgiftene, sjå helsenorge.no/pasientreiser.
  5. Eller: Få ein konvolutt frå legekontoret/fysioterapeuten med søknadsskjema.
  6. Du får pengane tilbake på konto om lag ei veke etter at søknaden er sendt inn.  

Treng du hjelp? Ring legekontoret, tlf. 55 08 10 54, helst tysdag, onsdag og torsdag mellom kl. 08.30 og 11.30.

Pasientreise til sjukehus eller spesialist i Bergen

Slik går du fram:

  1. Ring legekontor som godkjenner at du treng pasientreise. 
  2. Du må sjølve bestille drosjen. Sjå telefonnumra nederst i artikkelen.
  3. Du må legge ut for drosjeturen sjølv. Husk kvittering!
  4. Du kan søke på nett om å få igjen reiseutgiftene, sjå helsenorge.no/pasientreiser.
  5. Eller: I Pasientventearealet ved resepsjonen på Haukeland universitetssjukehus finn du pasientreiser. Dei hjelpar deg med å søkje om å få att pengane. Dei er der mellom kl. 09.00 og 16.30.
  6. Du får pengane tilbake på konto om lag ei veke etter at søknaden er sendt inn.
  7. Når du skal heim igjen til Austevoll skal sjukehuset eller spesialisten bestille turen. Du treng ikkje betale meir enn eigenandelen for reisa heim (gratis viss du har frikort).

Treng du hjelp? Ring legekontoret, tlf. 55 08 10 54, helst tysdag, onsdag og torsdag mellom kl. 08.30 og 11.30.

Kontaktinformasjon til drosjane i Austevoll

  • Jarnes - tlf. 918 53 881
  • Blåsternes - tlf. 465 46 877
  • Kalve - tlf. 971 28 818
  • Drivenes - tlf. 975 06 723
  • Storebø - tlf. 919 16 045