Austevoll kommune

Ingen nye tiltak i Austevoll, men Bergen innfører nye tiltak mot korona

Bergen kommune innfører nye smitteverntiltak. Austevollingar som ferdast i Bergen må følgje smitteverntiltaka.

Bergen har no desse påboda:

  • Du må bruke munnbind om du ikkje klarer å halde éin meters avstand på offentlege plassar, kjøpesenter, kollektivtransport, taxi med vidare. 
  • Serveringsstadar må føre gjesteliste.

Les meir om dette på Bergen kommune si heimeside.

Smittesituasjon i kommunen vår er låg og det blir derfor ikkje innført nye tiltak i Austevoll kommune.

Vi minnar om dei viktigaste tiltaka du kan gjere for å halde smitta nede:

  • Hald deg heime om du har symptom
  • Test deg
  • Vaksiner deg
  • Følg smittevernreglane i den kommunen du oppheld deg i

Les meir: