Det er ikkje grunnlag for å innføre strengare tiltak i Austevoll i dag, på grunn av smitteutbrotet i Bergen kommune. Dette skuldast blant anna stabil smittesituasjon med låg eller inga smitte i Austevoll.
Samstundes blir det understreka at nye tiltak kan bli innført på kort varsel om situasjonen endrar seg.
Risikonivået i kommunen er oppjustert frå nivå 1 til nivå 2 som følgje av situasjonen på fastlandet.
Nye tiltak i nabokommunar
Frå kl. 18.00 i kveld og til og med sundag 14. februar vil det gjelde strenge tiltak i Bergen og fleire nabokommunar.
Les meir om dette i pressemeldinga frå regjeringa.
Innbyggjarar og bedrifter må merke seg kva tiltak som gjeld i Bergen, Kvam og andre nabokommunar.
Det vil framleis vere mogleg å reise og opphalde seg på hytta, men tilrådinga er at ein gjer alle vareinnkjøp i heimkommunen, ikkje besøker butikkar, kjøpesenter og andre offentlege plassar i hyttekommunen, og berre reiser med personar som tilhøyrer din eigen hushaldning.
Det blir vidare understreka at nødvendige reiser, som til dømes avtaler på Haukeland universitetssjukehus, framleis skal gjennomførast.