Austevoll kommune

Ingen påvist smitta, men funn av legionella i dusjanlegg

Det er ikkje mistanke om smitte til personar, etter at rutinekontrollar har avdekka legionallabakteriar i dusjanlegg

Ved ein rutinekontroll er det gjort funn av legionellabakteriar i dusjanlegg ved Austevoll pleie- og omsorgssenter og Austevollhallen. Austevoll kommune vel å informere om funna som er gjort for å sikre god informasjon til innbyggjarane våre. På grunn av funna blir dusjanlegg stengte og det blir umiddelbart gjort tiltak. Tiltaka vil sikre forsvarleg drift innan få dagar og saka viser at me har rutinar for å fange opp risiko og sikre dette.

Det er SGI Compliance som gjennomfører rutinekontrollar etter avtale med kommunen. Dei bistår oss no med igangsetting av strakstiltak, oppfølging og vidare kontrollar.

Tiltak som er satt i gang er:

  • Stenge dusjanlegga i ein kort periode
  • Montere dusjhoder med filter ved PO-senteret og Austevollhallen
  • Kjemisk rens og desinfeksjon av røyrnett i bygga
  • Kontrollprøver for å sikre effekt av tiltak
  • Vidare gjennomgang av rutinar og kontroll

Vi har ikkje motteke melding eller hatt mistanke om at nokon er smitta av Legionella. Smittevernlege og ansvarleg for drift og vedlikehald  i kommunen følger opp saka i tida framover. Austevoll PO-senter vil ha anlegget i vanleg funksjon innan få dagar.