Austevoll kommune

Investeringsmidlar til tiltak i beiteområde 2020

Søknadsfrist er 1. mars 2020. Landbrukskontoret i kommunen handsamar søknaden.

Elektronisk søknadsskjema finn du på Altinn: https://www.altinn.no/skjemaoversikt/landbruksdirektoratet/tilskudd-til-tiltak-i-beiteomrader/

Føremålet med tilskotet er å legge til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremje fellestiltak i beiteområda.

Tilskudd kan gjevasttil beitelag og andre former for organisert samarbeid der det vert drive næringsmessig beitedrift. Næringsmessig beitedrift vil normalt innebære at dyra går minst 5 uker på utmarksbeite og at mer enn halvparten av medlemmene i lag eller forening har rett til produksjonstilskudd.

Tilskot kan tilsvarende gjevast til enkeltforetak som har rett til produksjonstilskudd der det grunna naturgitte eller driftsmessige forhold ikkje ligg til rette for samarbeid.

Generelt kan det gjevast tilskot til alle typar tiltak som fremjer beiting i eit område, men i hovudsak skal tiltaka vere stasjonære.

Døme på aktuelle tiltak:

  • Sanke- og skiljeanlegg
  • Bruer dimensjonert for dyr og folk
  • Ferister
  • Elektronisk overvakingsutstyr

Fleire døme finn du på s. 5 i vedlagt pdf- fil Forvaltning av forskrift.

Prioriteringar for 2020

  • Investeringar i teknologi knytt til beitebruk
  • Faste installasjonar og kostnadskrevjande investeringar
  • Planleggings- og tilretteleggingsprosjekt

Tilskotssatsen vert tilpassa søknadsmengda.

https://www.landbruksdirektoratet.no/no/miljo-og-okologisk/tiltak-i-beiteomrader/hvordan-soke