Austevoll kommune

Jakta 2021 - Nasjonal kartlegging av skrantesjuke

I 2021 skal eit utval av hjortedyr i Noreg testast for skrantesjuka(CWD), og Austevoll kommune er blitt tilfeldig utvalt som ein av kommunane som skal bidra i kartlegginga. Denne innsamlinga gjerast som eit ledd i nasjonal kartlegging. Norsk institutt for naturforsking (NINA) og Veterinærinstituttet kartlegg på vegne av Mattilsynet og Miljødirektoratet.

Jegerane gjer ein viktig jobb i kartlegging av skrantesjuka i Noreg.

Skrantesjuke

Skrantesjuke(CWD) er ein sjukdom som først blei oppdaga i Norge våren 2016, og sidan den gong er mykje ressursar blitt brukt på å kartlegging. Den klassiske typen skrantesjuke er påvist hos villrein på Nordfjella og Hardangervidda. Atypisk skrantesjuke er påvist hos hjort og elg i forskjellige kommunar i Noreg, der alle tilfelle so langt har vært individ eldre enn 12 år.  Meir info om dei 2 typane finn det her: https://www.hjortevilt.no/to-typer-skrantesyke/

Som ein del av kartlegginga er Austevoll tilfeldig utvalt i kartleggingsprogrammet for skrantesjuke i Noreg. Prøvetaking av hjort i Austevoll gjeld alle dyr eldre enn 2 år, altså er kalv og ungdyr unntatt prøvetaking.

Lenke til meir info om kartleggingsprogrammet: https://www.hjortevilt.no/skrantesjuke/kartleggingsprogrammet-for-skrantesjuke/

Meir info om skrantesjuke og kart over dei ulike funna i Noreg : https://www.hjortevilt.no/skrantesjuke/

Korleis ein skal ta hjerne og lymfe prøve finn ein her: https://www.hjortevilt.no/skrantesjuke/kartleggingsprogrammet-for-skrantesjuke/