Austevoll kommune

Kan ditt barn kome i barnehage og skule?

Barn av foreldre som har samfunnskritiske jobbar og barn med særskilt omsorgsbehov kan møte som normalt på barnehagen eller skulen sin.

Helsedirektoratet har vedtatt at alle barnehagar, skular og andre utdanningsinstitusjonar skal stengast.

Det blir likevel gitt eit omsorgstilbod til barn av foreldre som har samfunnskritiske jobbar og barn med særskilt omsorgsbehov på skulen og barnehagen dei går på. Desse barna møter på skulen som normalt.

Helsedirektoratet har definerte 15 funksjonar som er kritiske for samfunnet. Desse er:

  • Styring og kriseleiing
  • Forsvar
  • Lov og orden
  • Helse og omsorg
  • Redningsteneste
  • IKT-tryggleik i sivil sektor
  • Natur og miljø
  • Forsyningstryggleik
  • Vatn og avløp
  • Finansielle tenester
  • Kraftforsyning
  • Elektroniske kommunikasjonstenester
  • Transport
  • Satellittbaserte tenester
  • Apoteka

Regjeringa har avklart kva personell med viktige roller i kritiske samfunnsfunksjonar innanfor matvareforsyninga og drivstofforsyninga som skal få barnehage- og skuletilbod til barna sine (14.3.20).

Desse tilsette i kritiske samfunnsfunksjonar innan forsyningstryggleik får barnehage- og skuletilbod