Austevoll kommune

Klart for kulturskulen sine adventskonsertar!

Som tradisjonen er, vert det og i år adventskonsertar med elevane i kulturskulen i tre av kyrkjene i kommunen.

Adventskonsertane finn stad i kyrkjene på Hundvåkøy, i Bekkjarvik og på Storebø i andre veke i desember.

I år vert det konsert på Hundvåkøy måndag 10. desember kl. 18.00, i Bekkjarvik onsdag 12. desember kl. 18.00 og på Storebø torsdag 13. desember kl. 18.30.

Å oppleve ein av desse konsertane er ein fin måte å kome i julestemning på, og det vert variert program på alle konsertane. Alle er hjarteleg velkomne!

Fant du det du leita etter?