Austevoll kommune

Klart for nye nominasjonar til Draumestipendet

Klikk for stort bilete100 nye kulturutøvarar skal våren 2019 få til saman 1,5 million kroner i form av Draummestipendet 2019. No er jakta på gode draumestipendkandidatar i Austevoll i gang!

Også i 2019 vert det delt ut 100 stipend à 15 000 kroner, til saman 1,5 million kroner. Det er kulturskulen sin leiar i Austevoll som er ansvarleg for å nominere unge kulturutøvarar til Draumestipendet. I kommunane vert det gjennomført eit grundig juryarbeid før det vert nominert.

Alle som ynskjer å bli vurdert som draumestipendkandidatar vert oppfordra til å ta kontakt med kulturskulen i eigen kommune så fort som muleg for å få meir informasjon om fristar osv.

Aldri vore gjevare

Aldri har det vore gjevare å ta i mot eit Draumestipend. Stipendutdelarane Norsk Tipping og Norsk kulturskuleråd forventar at det i år vil bli over eit halvt tusen nominasjonar. Og det vert gjort stas også på mange av de nominerte som ikkje når helt fram til stipendmålet i 2019.

– Hundre utøvarar får årleg tildelt velfortente draumestipend. Men også blant dei andre nominerte er det enormt mange dyktige og glødande kulturutøvarar med fine draumar for sitt kulturuttrykk. Også disse fortener anerkjenning og synleggjering for si utøving, og det får dei, seier Lars Emil Johannessen, prosjektleiar for Draumestipendet.

16. gongen

Dette er 16. gongen Draumestipendet vert utdelt i regi av Norsk kulturskuleråd og Norsk Tipping. Alle norske kommunar kan levere så mange nominasjonar dei ynskjer i kvar av kategoriane dans, musikk, sirkus, skapande skriving, teater, visuell kunst og anna.

Stipendmottakarane er ungdom mellom 13 og 20 år som utøve ulike kulturelle uttrykk. Målet med både nominasjonen og stipendet er at mottakarane skal få motivasjon til å utvikle seg vidare og muligheit til å få oppfylt nokre av sine kulturdraumer.

 

Draumestipendet består av 100 stipend à 15 000 kroner - til saman ein million kroner. Stipendordninga er eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk kulturskuleråd og Norsk Tipping. Gjennom denne stipendutdelinga ynskjer vi å synleggjere kommunane sitt arbeid for barn og unge. Vårt håp er at Draumestipendet skal vere ein verdifull inspirasjon og eit viktig bidrag til å oppfylle unge kulturutøvarar sine draumar.