Austevoll kommune

Kom med innspel til kommuneplanen

I oktober og november blir det innspelsmøte om ny kommuneplan fleire plassar i Austevoll. Her kan du sjå når og kvar møta finn stad.

Kommuneplanens arealdel skal reviderast. For å lage ein best mogleg arealplan treng kommunen gode innspel frå innbyggjarane i Austevoll. Det blir derfor invitert til innspelsmøte rundt om kring i kommunen.

Her møter du oss:

  • Måndag 14. oktober kl. 18.00, Stolmen skule
  • Torsdag 17. oktober kl. 18.00, Austevoll folkebibiliotek i Bekkjarvik
  • Måndag 21. oktober kl. 18.00, Vinnes skule
  • Måndag 28. oktober kl. 18.00, Austevoll kommunehus på Storebø
  • Tysdag 29. oktober kl. 18.00, Kolbeinsvik skule
  • Tysdag 5. november kl. 18.00, Øytun grendahus på Storakalsøy
  • Onsdag 6. november kl. 18.00, Langøylaks sine lokale på Møkster
  • Måndag 11. november kl. 18.00, Hundvåkøy samfunnshus

Du kan også sende innspel på e-post til kommunen. Merk innspelet med KPA i emnefeltet i e-posten og send til postmottak@austevoll.kommune.no.

Les meir her om korleis du kan gje innspel.

Høyringsfristen er torsdag 5. desember 2019.