Austevoll kommune

Kom med innspel til ny kommuneplan!

Arbeidet med den nye kommuneplanen er starta opp – kommunen skal gjera sitt beste for at den nye planen blir eit godt verktøy for den vidare utviklinga av den flotte kommunen vår.

Skal me lukkast i arbeidet, treng me innspel og gode tankar frå innbyggjarane våre.

Slik sender du innspel

Du kan sende innspel elektronisk ved å bruke skjemaet som du finn på denne lenkja.

Innspel kan også sendast pr. brev eller e-post. Då bruker du dette skjemaet som du fyller ut og sender til kommunen. (DOCX, 16 kB)

Utfylt skjema skal sendast til postmottak@austevoll.kommune.no og skriv "KPA" i emnefeltet (KPA står for kommuneplanens arealdel).

Brev sender du til Austevoll kommune, Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø. 

Vi held informasjonsmøte om kommuneplan ulike stader i kommunen, og du er hjarteleg velkommen.

Kontaktperson for kommuneplanens arealdel er Stina Nordbak. Ho når du på telefon 55 08 11 14 og e-post stina.nordbak@austevoll.kommune.no.

Innspelsmøta

I oktober og november blir det innspelsmøte om ny kommuneplan fleire plassar i Austevoll. Møt opp for å vite meir om arbeidet med kommuneplanen og for å kome med innspela dine. Her møter du oss:

  • Måndag 14. oktober kl. 18.00, Stolmen skule
  • Torsdag 17. oktober kl. 18.00, Austevoll folkebibiliotek i Bekkjarvik
  • Måndag 21. oktober kl. 18.00, Vinnes skule
  • Måndag 28. oktober kl. 18.00, Austevoll kommunehus på Storebø
  • Tysdag 29. oktober kl. 18.00, Kolbeinsvik skule
  • Tysdag 5. november kl. 18.00, Øytun grendahus på Storakalsøy
  • Onsdag 6. november kl. 18.00, Langøylaks sine lokale på Møkster
  • Måndag 11. november kl. 18.00, Hundvåkøy samfunnshus

Planprogrammet

Planprogrammet fortel om formålet med planarbeidet, målsettingar med den nye planen, korleis arbeidet blir lagt opp, og om korleis innbyggjarane skal bidra i prosessen og kunne kome med sine innspel. 

Planprogram må ikkje forvekslast med sjølve kommuneplanen, men er på mange måtar planen for planen.

Planprogrammet vårt blei vedtatt av kommunestyret 14. juni 2018. Planprogrammet kan du laste ned her.

Dagens kommuneplan

Den gjeldande kommuneplanens arealdel blei vedtatt i juni 2013. Den består av eit plankart og føresegner med retningslinjer. Desse dokumenta kan du laste ned her:

Her finn du fleire dokument om kommuneplanen som gjeld no, blant anna konsekvensutgreiingar og risiko- og sårbarheitsanalysar.

Digitalt kart

Kommuneplanen og reguleringsplanar finn du også på kommunens digitale kart. Her kan du sjå kva arealformål ulike område og eigedomar i kommunen er avsett til, og legge på kartlag som eigedomsgrenser, bygningar og vegnamn. I søkefeltet kan du søke opp enkelteigedomar med gards- og bruksnummer. Numra skil du med skråstrek, til dømes er Selbjørn skule gardsnr. 67 og bruksnr. 17, som skal skrivast "67/17" i søkefeltet øvst i kartvinduet.