Austevoll kommune

Kommunebudsjett 2020 og økonomiplan 2020 – 2023

Klikk for stort bilete 
Austevoll formannskap vedtok i møte 27. november 2020 å tilrå rådmannen sitt budsjettforslag med dei endringar som framgår av  tilleggsnotat framlagt i formannskapsmøtet frå dei tre partia Høgre/Arbeiderpartiet og Krf. Her finn du tilrådinga til rådmannen (PDF, 3 MB)  og tilleggsnotatet frå Høgre/Arbeiderpartiet/Kristeleg folkeparti (PDF, 105 kB).

Tilråding til kommunestyret om vedtak i budsjettsaka, skal offentleggjerast i samsvar med den nye kommunelova § 14-3, 4. ledd.
Kunngjering skal skje minst 14 dagar før kommunestyret skal handsame saka.

Austevoll kommunestyre skal handsame saka 19. desember 2019. Kommunelova krev også at alle forslag til vedtak som blei framlagt i formannskapet, skal offentleggjerast.

Her finn du dei alternative tilleggsnotata frå Framstegspartiet  (PDF, 332 kB) og Senterpartiet (PDF, 140 kB)  som blei framlagt og stemt over i formannskapet.
 

Dokumenta ligg også framme på kommunehuset, servicekontoret i 2. etasje. Er det spørsmål til kunngjeringa kan rådmann Bjarte Madsen eller økonomisjef Thomas Martin Larsen kontaktast.