Austevoll kommune

Kommunebudsjett 2021 og økonomiplan 2021 – 2024

Austevoll formannskap vedtok i møte 1. desember 2020 å tilrå rådmannen sitt budsjettforslag med dei endringar som framgår av tilleggsnotat framlagt i formannskapsmøtet frå dei tre partia Høgre, Arbeiderpartiet og Krf. Her finn du tilrådinga til rådmannen (PDF, 2 MB)  og tilleggsnotatet frå Høgre, Arbeidarpartiet og Kristeleg folkeparti. (PDF, 254 kB)

Tilråding til kommunestyret om vedtak i budsjettsaka, skal offentleggjerast i samsvar med den nye kommunelova § 14-3, 4. ledd.
Kunngjering skal skje minst 14 dagar før kommunestyret skal behandle saka.

Austevoll kommunestyre skal behandle saka 17. desember 2020. Kommunelova krev også at alle forslag til vedtak som blei framlagt i formannskapet, skal offentleggjerast.

Her finn du det alternative tilleggsnotatet frå Framstegspartiet (PDF, 174 kB) som blei lagt fram og stemt over i formannskapet.

Dokumenta ligg også framme på kommunehuset, servicekontoret i 2. etasje. Er det spørsmål til kunngjeringa kan rådmann Bjarte Madsen eller økonomisjef Thomas Martin Larsen kontaktast.