Austevoll kommune

Kommunen skal bli plastfri

Plastfri kommune - Klikk for stort bilete Blue Ocean Society

Kommunestyret vedtok i går at kommunen skal redusere bruken av plast. Målet er å bli plastfri innan 2025.

I første omgang er det eingangsplast kommunen vil til livs. Rådmannen har fått i oppdrag å lage ein tiltaksplan for å redusere bruken av dette.

I kommunestyret i går vart det sagt at det er viktig å redusere plasten som hamnar i naturen, ved å bruke mindre plast. Kommunestyret ønskjer at kommunen skal gå føre som eit godt eksempel for private og bedrifter. I eit samfunn der me lever av havet er dette ei viktig problemstilling.

Austevoll kommunestyre ønskjer også å rette endå større fokus med problema med forsøpling i sjøen og naturen, og ønskjer ei eiga sak om ein informasjonskampanje retta mot innbyggjarar og næringsliv.

Kommunestyret sitt vedtak var samrøystes.

Særleg dei siste åra er det nytta store ressursar på strandrydding i Austevoll kommune. I år og i fjor sette kommunen opp konteinarar over heile kommunen for boss og plast i samband med den nasjonale strandryddedagen. Dessutan har fleire skular og eldsjeler i Austevoll i ei årrekkje gjort ein viktig innsats med å rydde i strandsona og naturen.