Korleis bør Austevoll kommune sjå ut?

Austevoll kommune skal lage ein ny visuell profil og treng innspel frå deg som innbyggjar i kommunen. 

Plakat med lenke og QR kode. Lenke ligg også nederst i teksten.  - Klikk for stort biletePlakat

 

I prosjektet - Strategisk kommunikasjon som grunnstein for berekraftig samfunnsutvikling i Austevoll, er målet er å utforma ein kommunikasjonsstrategi og robust visuell identitet, som me ser på som avgjerande element for Austevoll si reisa mot å bli ein ”kommune 3.0”. 

Kommune 3.0-modellen handler om å skapa ein kommune der innbyggarne er aktive deltakarar i utforminga av samfunnet, snarere enn passive mottakarar av tenester. Ein sterk visuell identitet og effektiv kommunikasjonsstrategi kan fremma dette ved å engasjere innbyggarar, byggje ein felles identitet og forståing, og stimulera til aktiv deltaking i samfunnet. I ei tid der kommunar over heile Norge bevegar seg mot meir samskaping, inkludering og digital transformasjon, kan desse verktøya sette Austevoll i stand til å lede an i denne utviklinga.

Dette vil skape positiv innverknad på eksterne, men også interne, relasjonar. Relasjonar som byggas på same forståing av Austevoll som ein berekraftig kommune, god stad å bu, leve og delta i. Me ynskjer å byggje ein felles identitet som både innbyggjarar og aktørar i Austevoll kan samlast rundt.

Prosjektet har mottatt eit tilskot på 500 000 kr frå Vestlands fylkeskommune og blei presentert for kommunestyret 23.02.2023 i sak 012/23 (arkivsak 22/1102).  

No oppmodar me alle til å gå inn på innspelssida og vere med å definere korleis Austevoll kommune skal sjå ut!

Til informasjon så vil ikkje prosjektet har noko påverknad på kommunevåpenet. 

Lenke til innspelsside - https://sites.google.com/comte.no/austevollstil