Austevoll kommune

Koronaråd for jula

Me oppfordrar alle om å følgja dei nasjonale smittevernråda i jula.

Klikk for stort bilete Les meir om dei nasjonale juleråda her.

Det er mange som kjem reisande, kanskje frå område med høgt smittenivå. Desse blir råda til å halda minst to meter avstand til personar i risikogrupper 10 dagar etter at dei er komen.

Me oppfordrar alle som har vore i Storbritannia nyleg, om å testa seg.

Legekontoret er ope for testing julaftan og nyttårsaftan. Desse dagene må me levere koronaprøvene tidleg. Derfor må personar som ønskjer testing julaftan og nyttårsaftan ringe koronatelefonen før kl. 10.

Studentar og andre som er komne heim frå område i Noreg eller utlandet med mykje smitte, er velkomne å teste seg hos oss sjølv om dei ikkje har direkte symtomar.

Her er nokre tips:

  • Nokon kjem til å bli sjuke i jula. Då er rådet å gå på rommet!
  • Bestill deg gjerne ein time til testing dersom du:
    • Er  student og nett komen heim.
    • Har vore «på byen» og er usikker på om du har vore utsett for smitte

Ring koronatelefonen for å avtale tid for testing, telefon 966 25 320.

Austevoll kommune ønskjer alle ei god jul!