Austevoll kommune

Koronasituasjonen i Austevoll

Regjeringa har letta på dei nasjonale tiltaka. Dette inneber at det frå måndag 17. januar 2022 er drift på grønt nivå ved skular og barnehagar i Austevoll – den lokale smittesituasjonen tilseier at dette er forsvarleg.

Det blir gjort løpande vurderingar av trafikklys-nivået ved endringar i smittesituasjonen. Skular og barnehagar vil framleis drive smittevernfagleg forsvarleg.

Det er også gjort endringar i TISK-strategien. Det er no eit større ansvar for den einskilde som er smitta, om å isolere seg og informere nærkontaktane sine. Alle må sette seg godt inn i karantenereglane – dei vil ikkje lenger rutinemessig bli ringt opp av smittesporingsteamet i kommunane!

Hugs munnbind og avstand, unngå større samlingar – pandemien er her framleis! Kommunen vil i neste veke etablere hentepunkt for hurtigtestar rundt omkring i kommunen, nærare informasjon om dette kjem på nettsida vår. Framleis oppmodar me alle om å vaksinere seg, neste drop-in vaksinering skjer tysdag 18. januar kl 15.30 – 19.00 i Austevollbadet.

Her er lenka til regjeringa sine nye tilrådingar:

Endringer i TISK-strategien - regjeringen.no

Regjeringen letter på tiltakene - regjeringen.no