Austevoll kommune

Koronasituasjonen i Bergen

Bergen kommune har innført nye tiltak på grunn av smittesituasjonen i byen. 

Bergen melder om ei rekke nye smittetilfelle i kommunen. Her kan du lese om tiltak og råd i Bergen kommune.

Austevoll kommune oppmodar om at ein unngår unødvendige reiser til Bergen dei neste ti dagane.

Det er eit hundretals personar som dagleg reiser mellom Bergen og Austevoll. Mange skal på skule, jobb og til helseinstitusjonar. Når du er på reise oppmodar me deg om å følgje dei nasjonale råda for å redusere smitterisiko:

  • Hald avstand og unngå folkemengder – hugs éin-metersregelen
  • Ha god hand- og hostehygiene
  • Hald deg heime og isolert frå andre når du er sjuk

Det blir understreka at Bergen tilrår at reisande med kollektivtransport i kommunen bruker munnbind i periodar med mykje folk på buss og bane, og der det ikkje er mogleg å overhalde éin-metersregelen.

Austevoll kommune følgjer dei nasjonale reglane blant anna knytt til arrangement og private tilstellingar, og skjerpar ikkje inn desse slik Bergen kommune har gjort.

Her kan du lese Folkehelseinstituttets råd til arrangement, konfirmasjon og sosiale samankomstar.

Besøksordninga ved Austevoll pleie- og omsorgssenter blir ikkje skjerpa inn. Dei som besøker pleie- og omsorgssenteret må vere friske, overhalde éin-metersregelen, ta omsyn til sine pårørande og andre bebuarar, og overhalde karantenereglar, blant anna heimkomst frå utlandet.