Koronavaksinasjon - ny oppfriskingsdose anbefalast til personar 75 år og eldre, og sjukeheimsbebuarar

Regjeringa har bestemt å følge Folkehelseinstituttets råd og anbefalar ny oppfriskingsdose til personar 75 år og eldre, og sjukeheimsbebuarar. Sjølv om vinterens covid-19-bølge no ser ut til å vere over, er den vidare smitteutviklinga utover våren og sommaren usikker. Det er foreløpig ikkje teikn til ein tydeleg sesongvariasjon for SARS-CoV-2-viruset slik som for influensa, og det er sannsynleg at det vil kome ei ny bølge i løpet av dei næraste månadene.

Vaksineanbefalingar for våren 2023:

• Ny oppfriskingsdose anbefalast til personar 75 år og eldre, samt sjukeheimsbebuarar

• Ein ny dose vil vere særleg aktuell for dei som ikkje tidlegare har gjennomgått SARS-CoV-2-infeksjon, og for dei som har ein eller fleire underliggande risikofaktorer

• Det bør ha gått meir enn 6 månader sidan førre dose

• Vaksineringa bør skje i løpet av april

NB! Vaksinering kan tilbys også etter april, men det kan medføre at intervallet til planlagt ny dose til hausten kan bli mindre enn anbefalte 6 månader.

Intervall sidan førre dose

Beskyttelsen mot alvorleg sjukdomsforløp blant eldre avtek over tid, men FHI vurderer at det ikkje er behov for ny dose før det har gått omtrent 6 månader. Preparatomtalene opnar opp for at ein gioppfriskingsdose kan gis med et minimumsintervall på 3 månader sidan førre dose, men det er etter FHI si vurdering ikkje behov for å korte ned intervallet til under 6 månader. Dersom det likevel er nokon som spesifikt ønsker ei ny dose før det har gått 6 månader, vil dette vere mogleg så lenge godkjent minimumsintervall er overhalde..

 

Praktisk gjennomføring

Austevoll kommune vil gjennomføre fellesvaksinering utan timebestilling:

Torsdag 20.04 kl 16:00-19:00. Bekkjarvik - Glasshuset

Onsdag 26.04 kl 16.00 -19:00. Storebø – Austevoll legesenter, første etasje

I tillegg kan du li vaksinert på Storebø legesenter utanom disse datoane. Det vil ikkje bli gjennomført aktiv innkalling.