Austevoll kommune

KPA til behandling i styringsgruppa

Kommuneplanens arealdel (KPA) skal behandlast av styringsgruppa onsdag 4. mai. Les saksdokumenta her.

Arbeidet med nye KPA er organisert med ei arbeidsgruppe og ei styringsgruppe.

Styringsgruppa består av gruppeleiarane for dei seks partia som sit i kommunestyret, og ordførar. 

Onsdag 4. mai skal styringsgruppa behandle arbeidsgruppas forslag til ny KPA. Når forslaget til KPA er godkjent av styringsgruppa, vil planen gå vidare til kommunestyret. Etter kommunestyrets behandling vil det bli gjennomført offentleg høyring. 

Å lage ny KPA er eit omfattande arbeid. Det har kome inn over 500 innspel frå privatpersonar, bedrifter og foreiningar, og til saman er det gjort over 1.000 endringar i plankartet. KPA består av eit plankart og føresegner som er rettsleg bindande, i tillegg til retningslinjer, planskildring og fleire underlagsdokument.

Dokumenta som styringsgruppa skal behandle er tilgjengelege på denne nettsida.

Me gjer merksam på at planforslaget vil bli lagt på høyring etter kommunestyrets behandling. Privatpersonar, bedrifter, lag og foreiningar vil få moglegheit til å kome med innspel og kommentarar til planen i samband med denne høyringsrunden.

 

Saksdokument:

Plankartet:

Reguleringsplanar som blir foreslått vidareført er kvita ut i plankartet.

Tekstdokument:

Presentasjon av planen:

Vedlegg til planen:

KPA erstattar kommuneplanens arealdel frå 2013. 2013-planen finn du her.