Austevoll kommune

Kulturmessa i Austevoll 2019!

9.-10. mars vert det arrangert kulturmesse i Austevoll. Kulturmessa opnar 9.mars kl.11, og i løpet av dei 4 timane kulturmessa varer, kan du prøve ut fleire av dei ulike kulturktivitetane Austevoll har å by på.

Det vert kulturscene med ulike opptreden og sjølvsagt kulturkafé der du kan få påfyll av mat og drikke samstundes som du kan nyte ulike kulturinnslag og slå av ein prat med små og store kulturinteresserte.
Dei som deltek med kunst til UKM, vil ha utstilling under heile messa.

  • Lurer du på korleis det er å spele i band?
  • Vil du prøve å vere del av eit kor?
  • Ynskjer du å skrive din eigen låt?
  • Eller lurer du på om korps er noko for deg?

Kom til Storebø skule og prøv!
Meir informasjon finn du her:

Klikk for stort bilete

Klikk for stort bilete
 

 

 

 

 

 

 

Meld deg på her

Søndag 10.mars er det klart for hovudframsyninga på kulturmessa, som er kombinert med UKM. UKM starter kl.17:00!

Arrangementet er eit samarbeid mellom Austevoll musikkråd, KDV skulekorps og kulturskulen. Men viktigst av alt, mange dyktige ungommar i Austevoll er med som arrangørar, instruktørar og inspiratorar denne dagen!

Fann du det du leita etter?