Austevoll kommune

Kulturprisen 2019

Som ein stimulans for det lokale kulturlivet deler Austevoll kommune kvart år ut ein kulturpris. Vinnaren av prisen mottar kr 10.000.

Austevoll kommune inviterer deg som innbyggjar til å nominera kandidatar du meiner fortener denne prisen.

Reglar for tildeling av kulturpris

  1. Som ein stimulans for det lokale kulturlivet kan ein kvart år dela ut ein kulturpris til kunstnarar, kulturarbeidarar eller lag og organisasjonar med tilknyting til Austevoll kommune.
  2. Prisen kr 10.000,- vert gjeven for aktivt, friviljug og uløna kulturarbeid over lengre tid, for særleg fortenestefulle einskildtiltak eller til planlagt utdanning til friviljug arbeid.
  3. Framlegga skal vera skriftlege og grunngjeve. Austevoll formannskap gjer endeleg vedtak om kven prisen skal gå til.

Send innspel til kandidatar til kulturpris 2019 til postmottak@austevoll.kommune.no.

Merk at framlegga skal vere skriftelege og grunngjevne.

Frist for å koma med innspel er 31.10.2019

Oversikt over mottakarar av kulturprisen sidan år 2000:

2018 – Austevoll husflidlag

2017 – KDV musikk-korps

2016 – Eva Waage

2015 – Steinar J. Christensen

2014 – Ingunn Anne Berge Vik

2013 – Håvard Brekke Haugland

2012 – Åse Solbakken

2011 – Rasmus Kåre Storebø

2010 – Karl Johan Haugland

2009 – Geir Veivåg

2005-2008 – Ikkje tildelt

2004 – Hundvåkøykoret

2003 – Ikkje tildelt

2002 – Line Stenevik

2001 – Hallvard Bertin Birkeland

2000 – Velinda Hille

Fann du det du leita etter?