Austevoll kommune inviterer deg som innbyggar til å nominere kandidatar du meiner fortener denne prisen.
Utval for oppvekst, skule og kultur deler ut kulturprisen på etterskott kvart år.
Reglar for tildeling av kulturprisen
- For å løfte fram det lokale kulturlivet kan kommunen årleg dele ut kulturprisen til kunstnarar, kulturarbeidarar eller lag og organisasjonar med tilknyting til Austevoll kommune.
- Prisen på 10 000 kroner blir gitt for aktiv innsats for kulturlivet i kommunen eller til planlagt utdanning til kulturarbeid.
- Forslag til kandidatar skal vere skriftlege og grunngjevne. Utval for oppvekst, skule og kultur vedtek kven prisen skal gå til.
- Nominasjonane er unnateke offentleg innsyn.
- Med heimel i offentleglova § 5 tredje ledd blir innsyn i vedtak i saka utsett til prisen er delt ut.
Send forslag til kandidatar til kulturprisen 2023 til postmottak@austevoll.kommune.no.
Frist for å kome med forslag til kulturprisen for 2023 er 20. oktober 2024.
Oversikt over mottakarar av kulturprisen tilbake til 1995:
2023 - ?
2022 - Astrid Hausberg
2021 - Karl Olav Kalvenes
2020 - Ruth Johnson
2019 – Astrid Fagerbakke Heggland
2018 – Austevoll husflidlag
2017 – KDV musikk-korps
2016 – Eva Waage
2015 – Steinar J. Christensen
2014 – Ingunn Anne Berge Vik
2013 – Håvard Brekke Haugland
2012 – Åse Solbakken
2011 – Rasmus Kåre Storebø
2010 – Karl Johan Haugland
2009 – Geir Veivåg
2005-2008 – Ikkje tildelt
2004 – Hundvåkøykoret
2003 – Ikkje tildelt
2002 – Line Stenevik
2001 – Hallvard Bertin Birkeland
2000 – Velinda Hille
1999 - John Sverre Njåstad
1995 - Karl Johan Haugland