Austevoll kommune

Kulturskulen inviterer til digital sommarframsyning

I tida med stengte skular har elevane i kulturskulen hatt digital undervisning.
No vil vi syne fram noko av det vi har jobba med i tida då både elevar og lærarar har vore heime!

Torsdag 11. juni blir det direktesending frå kultursalen på Selbjørn, og det vil bli presentert eit lite utval av kva kulturskulen har jobba med i denne tida.

Framføringa blir utan publikum, og det blir ikkje ei stor tema-framsyning slik som vi bruker å ha og som vi skulle hatt om ting hadde vore som normalt.

Denne gongen blir det eit uformelt innblikk i kva kulturskuleelevane har jobba med gjennom våren, sett saman av ulike videoopptak og noko direktesendt framføring.

Sendinga vil bli strøyma på Austevoll kulturskule si Facebook-side torsdag 11. juni kl. 18.30.
Velkomen til digital sommarframsyning! ☀️