Austevoll kommune

Kunne du tenke deg å bli fritidskontakt/støttekontakt i Austevoll kommune?

Er du ein positiv, trygg og imøtekomande person med tid til overs? Då ønsker me å komme i kontakt med akkurat deg! 

Som fritids/støttekontakt kan du bidra til at mottakar av tenesta får gode opplevingar og aktivitetar, sosial trening, oppnår meistring og vert meir sjølvstendig. Saman med tenestemottakar finn du fram til og deltek i ulike aktivitetar med å ta utgangspunkt i tenestemottakar sine interesser og ressursar. Som støttekontakt vil du bistå og motivere den du er støttekontakt for.

Oppdraga varierer i omfang, mest vanleg er 2-4  timer i veka, til tidspunkt som passer den som mottek tenesta og deg som støttekontakt.

Me legg vekt på, og jobbar for å finna gode ordningar med personar som trivst godt saman, for å få ordningar som fungerer over tid.

Søk om å bli støttekontakt