Austevoll kommune

Legetenesta

Fastlegetenesta er ope som vanleg.

Ved å trykke på denne lenkja får du informasjon om koronatesting i kommunen

For at du som pasient skal føle deg trygg på smittevern hos oss, har vi fylgjande reglar:

Ta kontakt med legesenteret på førehand for å tinga time, også til blodprøvar mm. Du kan ta kontakt på helserespons, på Helsenorge.no eller på telefon 55 08 10 50

  • Vi ber om at du ventar ute i bilen til 2 minutt før du har time. Slik at ikkje venterommet er fullt.
  • Hugs å sprite og utføre handhygiene når du kjem inn til oss
  • Hald minst ein meter avstand
  • Hoste/nyse i armkroken.

Om du er forkjøla, hostar, har feber, tungpust, nedsett lukte- og smakssans eller mistanke om covidsjukdom må du ringe oss før timen.

Ring oss for å avtale time om du er i karantene eller isolasjon på grunn av covid, er nærkontakt eller har vore på reise i utlandet.

Forsøk å bruke kortast mogleg tid inne hos legen. Ta gjerne kontakt elektronisk på førehand og forklar kva det gjeldar slik at legen er førebudd.

Vi tilbyr også videokonsultasjon med lege. Du gir beskjed at du ynskjer dette når du tingar time.

Hjarteleg velkommen til oss!