Måltidsfellesskap i Kolbeinsvik

Etter fellesmiddagen for 65+ i Austevoll kommune i haust har Kolbeinsvikarane no hatt sin fyste samling med stor suksess. "Det var så kjekt å samlast og ete eit godt måltid saman. Det ville me gjere oftare". Derfor tok Kolbeinsvik Vel og styreleiar Yngve Ringdal initiativ for å arrangere ei liknande samling i Kolbeinsvik.

Tysdag 26. april vart alle 65+ invitert til måltidsfellesskap i Kolbeinsvik. Kolbeinsvik Vel spanderte deilig fiskesuppe, kaffi og kaker. I tillegg til dei som bur i Kolbeinsvik var det også nyinnflyttarar og utflyttarar med, nokre av dei reiste eins ærend frå nabokommunar for å delta på denne samlinga. Det var stor variasjon i alderen blant gjestane, dei fleste i gruppa 70-80 år medan nokre var nypensjonistar, nokre måtte skunda seg heim frå jobb, nokre i gruppa 90-95 år og nokre under 65. Pårørande var sjølvsagt velkommen til å bli med som støttespelar og.

Kolbeinsvik Montessoriskule var ein naturleg samarbeidspartnar. Elevar frå mat og helse dekka bord og stelte i stand kantina for gjestane, nokon var parkeringsvakt, medan andre følgde gjestane på plass. Eit musikalsk innslag frå dei vart det også.

Frivillige initiativ på frivilligheitas premissar i Frivilligheitas år 2022! Og heilt i tråd med satsingsområda mat og måltid og aktivitet og fellesskap i leva heile livet reforma. Kommunalsjef for helse og velferd og frivilligkoordinator høyrde den gode stemninga heilt til Storebø og måtte sjekka opp kva dette var for noko, tusen takk for de tok så godt i mot oss. Austevoll kommune heiar på slike initiativ og vonar fleire blir inspirert til å gjere liknande for seg og sine sambygdingar. Fleire fellesmiddagar for alle i Austevoll vil det også bli arrangert meir av for dei som gledar seg til det.

Her er oppskrifta:

Initiativ og frivillige
Tid og stad
Informasjon og påmelding
Mat og kaffi

Lykke til!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

'