Austevoll kommune

Maritim vandring

Sjekk ut den kule appen Maritim vandring og ta den med på ein spasertur i historiske Bekkjarvik!

Maritim Vandring er ein app som er utvikla av Capgemini Norge, Bergen Sjøfartsmuseum og Maritime Bergen. Den fungerar som ein digital guide som tar deg med på historiske, maritime reiser i Bergen sentrum, og no også i Austevoll! 

Austevoll kommune har fått jobba seg med i prosjektet, og er godt nøgde med at det no er komen ei rute her i kommunen vår. Ruta er lagt til Bekkjarvik og består av 14 postar der ein kan få betre kjennskap til blant anna Bekkjarvik gjestgiveri, Hengjo, kongsgravene og mykje meir. Førebels har me ikkje fått oversett ruta vår til andre språk, men me jobbar med det.

Me har og starta arbeidet med rute nummer to, som etterkvart skal vera på Bakkasund. Me håpar at mange synast dette er spennande og vil ta appen i bruk. 

 

Fann du det du leita etter?