Meld frå om bålbrenning til jonsok
Det er lov å tenna opp jonsokbål så lenge det er i god avstand til bygningar, skogområde, vegetasjon og anna brennbart materiale. Brannvesenet viser likevel til forskrift om brannførebygging § 3 og krav til aktsemd som gjeld alle til ein kvar tid, og ved brenning av jonsokbål.
Publisert 20.06.2022 08.24
Sist endra 21.06.2022 12.23
Jonsokbål i Austevoll skal meldast til Austevoll kommune på telefon 55081000 eller brann og redning sin vakt-telefon 911 60 851 i god tid på førehand.
Følg brannvesenet sine råd for forsvarleg bålbrenning:
- Du skal ha løyve frå grunneigar.
- Ikkje gjer opp eld på svaberg/bert fjell då dette gir varige skadar på berget.
- Bålet skal byggast av reine treprodukt. Impregnerte materiale avgir giftige gassar ved brann. Det same gjeld madrassar, gamle sofaer, bildekk etc.
- Bålet bør ikkje byggast for stort. Kast heller på meir ved etter kvart.
- Ikkje bruk bensin eller liknande til opptenning.
- Er bålet høgt, bør opptenning skje på midten. Då unngår du for store flammar og sterk varmeutvikling.
- Ansvarleg person skal sørga for at bålet er under kontroll.
- Sørg for at barn held god avstand til bålet. Klede av kunststoff er lett antennelige og kan smelta under sterk varme, naturstoff som bomull og ull er meir trygt.
- Ta omsyn til naboar. Røyken er irriterande på auge og luftvegar.
- Ansvarleg voksenperson skal sørga for at bålet blir sløkt forsvarleg med tilstrekkeleg mengder vatn. Er det ikkje vatn på staden må dette takast med.
Med helsing Austevoll Brann og Redning