Meld frå om svake eller daude sjøfuglar
Det er eit stort utbrot av fugleinfluensa i Skottland og andre delar av Nordsjøen og alle bør vere merksame på dette.
Publisert 15.06.2022 13.14
Sist endra 23.06.2022 13.39
Utbrotet har særleg ramma sjøfuglane havsule, storjo og splitterne, men og andre artar som terne, måker og lomvi. Desse fuglane må ikkje handterast av publikum. Kontakt Mattilsynet om du finn slike fuglar.
Kontakt oss | Mattilsynet