Austevoll kommune

Minnar om informasjonsmøte i morgon, 4. mai – Storebøvegen

Har du hugsa å melde deg på? Arbeidet med reguleringsplan for Storebøvegen er godt i gang. Austevoll kommune vil tysdag 4. mai 2021 arrangere tre informasjonsmøte i amfiet på Austevoll ungdomsskule. 

Møtetidspunkta er kl. 15.00, kl. 17.00 og kl. 19.00.

Koronarestriksjonar inneber at tal på deltakarar i møta må avgrensast etter gjeldande smittevernreglar. «Førstemann til mølla» gjeld - me veit ikkje i dag kor mange som kan vera med i møta per dags dato.
 

Her kan du melde deg på informasjonsmøte

På møta vil det bli informert om:

  • Reguleringsplan, prosess og medverknad
  • Utformingskrav
  • Presentasjon av førebels planteikning

Austevoll kommune arbeider for å få planarbeidet fullført i 2021. ABO Plan og arkitektur vil delta på informasjonsmøta saman med ordførar og rådmann.

Velkomen til møte!