Austevoll kommune

Møkster skule blir lagt ned

Møkster skule - Klikk for stort bilete

Kommunestyret vedtok i går at Møkster skule blir lagt ned frå 1. august. 

Møkster skule si framtid blei behandla i kommunestyret i går. Saka har vore på høyring og tidlegare har kommunestyret behandla sak om krinsgrensa for Møkster og Storebø skular.

Fleirtal i kommunestyret beståande av H, Ap og KrF vedtok i går at Møkster skule skal leggjast ned frå 1. august i år. Vedtaket vart fatta mot stemmene til Frp og Sp.

Elevane får Storebø skule som nærskulen sin. Elevane har det siste halve året gått på Storebø skule.

Her kan du lese sakspapira i denne saka.