Austevoll kommune

Mons-Ove Hauge attvald som styreleiar i Austevoll ASV

Mons-Ove Hauge held fram som styreleiar og Vibeche Storebø er nytt styremedlem i Austevoll ASV AS.

I ettermiddag har det vore generalforsamling i Austevoll ASV. I møtet blei det blant anna valt nytt styre.

Styreleiar Mons-Ove Hauge og tre styremedlemar, Grethe Drønen Ringdal, Velaug Henriksen og Helge Vestrheim, var på val i år.

Grethe Drønen Ringdal har vore engasjert i Austevoll ASV i ei årrekkje, både som styreleiar og styremedlem. I år søkte ho ikkje attval og blei takka av som styremedlem.

Vibeche Storebø blei valt til nytt styremedlem i hennar stad. Vibeche Storebø er til dagleg leiande jordmor i Austevoll kommune. Ho var medlem av kommunestyret i perioden 2015-2019.

Mons-Ove Hauge, Velaug Henriksen og Helge Vestrheim blei alle attvalde for ein ny toårsperiode.

Dette er det nye styret i Austevoll ASV (valperioden medlemane er valte for i parentes):

  • Mons-Ove Hauge, styreleiar (2020-2022)
  • Vivian Bjånesø Horgen (2019-2021)
  • Helge Vestrheim (2020-2022)
  • Rolf Tore Hellesøy (2019-2021)
  • Velaug Henriksen (2020-2022)
  • Kari Heggholmen (2019-2021)
  • Vibeche Storebø (2020-2022)

Austevoll ASV er heileigd av Austevoll kommune og har eit mangfaldig tenestetilbod. Bedrifta har blant anna arbeidsmarknadstiltak og arbeids- og treningsavdeling. I tillegg kjem vaskeri og reinhald, bruktbutikk, serviceavdeling, og kantine- og catering. Austevoll ASV driv også hjelpemiddelsentralen for Austevoll kommune. Ordførar er generalforsamlinga.