Austevoll kommune

Mosamyra - opning av Birkelandsvegen

Mellombels opning av Birkelandsvegen som tilkomstveg til Mosamyra. Vi ber om at alle tek omsyn til kvarandre og tenker gjennom bruk av vegen for å ha sikker ferdsel i byggeperioden. Her er tidsplan for byggeperioden:

  • Denne veka – grunnarbeid
  • Veke 3  – asfaltering av vegbane – veke 3
  • Veke 4 –  støyping av fortauskant – fredag?
  • Veke 5-7  – asfaltering av fortauet, montering av leskjerming og lys 

Frå idag opnar vi Birkelandsvegen som tilkomstveg for grunneigarar ved Mosamyra, Skulehusbrekka og Skulehusvegen. 

Dette vil vere ein mellombels tilkomstveg og vil halde fram til Mosamyra har fått fortau og vegen er asfaltert. Det vil bli montert fartshumper i Birkelandsvegen. Dette for å redusere hastigheit, med maksfart på 10 km/t. 

Vi ber kvar enkelt som bur i området vurdere behov for å køyre til eigedommen i byggeperioden.  Kommunen stiller parkeringsareal til disposisjon ved Storebøportalen for dei som ønsker dette. Dette for å sikre at du vil rekke jobb og ferjer i tide. 

Vi vil takke alle grunneigare i Birkelandsvegen 15-37 for at dei har velvilje til mellombels bruk. Når anleggs- og byggeperioden er avslutta vil bom i skile mellom Birkelandsvegen og Mosamyra bli satt opp igjen. 

Entreprenøren har godkjent skiltplan og har merka anlegget etter gjeldande reglar og løyve. I tillegg vil dei ha trafikkontroll med manuell dirigering under delar av anleggsperioden. 

Olav Jarnes er Austevoll kommune sin kontaktperson.