Austevoll kommune

Nasjonal tilskotsordning for å inkludera barn og unge

No kan du søke om tilskot til inkluderingstiltak for barn og unge.

Har du eit tiltak som kan bidra til at alle barn, uavhengig av foreldra sin sosiale- og økonomiske situasjon, skal ha moglegheit til å delta jamleg i minst ein organisert fritidsaktivitet saman med andre? Då kan du søkje om tilskot til dette gjennom Bufdir si nasjonale ordning for å inkludera barn og unge.

Målet med tilskotsordninga er å motverka og/eller dempa konsekvensane av fattigdom blant barn og ungdom.

Tilskotsordninga skal vera eit verkemiddel for å betra moglegheitene for at fleire barn og unge skal få delta på viktige sosiale arena, som ferie- og fritidsaktivitetar.

Tilbodet skal så langt det er mogleg ha låge eller ingen kostnadar.

I tillegg er det eit mål at tiltaka bidrar til eit meir inkluderande fritidsmiljø.

Søknadsfristen er 4. desember 2020 og tildelinga skjer i april/mai 2021.

Les meir om ordninga og søk på tilskot her

Har du spørsmål til ordninga, ta kontakt med folkehelsekoordinator Stine Emilie Konradsen.