Austevoll kommune

Nettsida til Austevoll kommune i ny drakt

Austevoll kommune si nettside har fornya seg,

Målet vårt er at det den nye nettsida skal vera meir brukarvenleg og at det skal vera enklare å finna den informasjonen du er på jakt etter.

Me har forsøkt å bygge opp nettsida sånn at det er enkelt for deg å navigere deg fram til riktig informasjon. På framsida har me laga seks boksar for dei viktigaste hovudområda til kommunen. Frå her kan du trykke deg vidare inn til tenester, planar og informasjon. Rett under desse boksane kan du også velje å sjå alle tenester.

Legg merke til at me nederst på dei fleste sidene spør om du fann det du leita etter. Er svaret nei, så trykk nei og skriv ei melding, kort eller lang, om kva du var på jakt etter og kva du synst me må gjere betre.

Me klarar ikkje å legge ut all informasjon med éin gong, så den første tida vil det vere nokre artiklar som enno ikkje er publisert. Du må gjerne også gje tilbakemelding på ting du meiner er viktig at me legg ut raskt!

Etter kvart vil det også bli lansert nokre nye løysingar som gjer det lettare for deg som innbyggjar og brukar å melde ifrå til kommunen.