Austevoll kommune

No er påmeldinga opna for UKM i Austevoll 2019!

Er du mellom 10 og 20 år og bur i Austevoll? Driv du med musikk, film, skriving, kunst, dans, teater eller noko anna som kan synast fram for eit publikum? Har du lyst til å syne fram det du driv med? Eller har du lyst til å vere med som arrangør?

Då har vi lyst til å ha deg med på UKM i Austevoll 17. februar! UKM finn stad i kulturskulen på Storebø skule, og dette året blir UKM ein del av ei kulturmesse, der det og er andre arrangement.

UKM står for «Ung kultur møtast» og er open for både grupper og einskilddeltakarar.

Du kan melde deg på i ein av desse kategoriane:


- Scene
- Film
- Utstilling
- Konferansier
- Arrangør

 

Meld deg på på www.ukm.no innan 15. januar!

 

Helsing UKM i Austevoll,

Audun Alvsåker, kulturskulerektor
 

Fant du det du leita etter?