Nominer kandidatar til årets frivillig 2022

Du kan no nominera din favoritt innan frivillig innsats i Austevoll kommune. 

Kjenner du nokon som har gjort ein ekstraordinær innsats for frivilligheita i kommunen? Ein trufast frivillig som bidreg til å gjera kvardagen betre for andre? Nokon som har stått på for å få til eit spesielt prosjekt? Vore ei eldsjel gjennom idrett eller kultur, jobba for å gje oss andre tilbod - år etter år, lagt til rette for at mange får glede av turstiar, strender og andre ting?.

Årets frivilligpris 2021 var Inger Marie Møgster, for blant anna hennar innsats med babysong i Hundvåkøy kyrkje i 20 år. 

Send e-post med nominasjon og grunngjeving for at nett denne personen fortener å vinne til postmottak@austevoll.kommune.no, innan 27.november 2022.