Austevoll kommune

Ny 132 kV kraftleidning mellom Langeland og Otterå transformatorstasjonar

Høyring av søknad og invitasjon til møte. Søknaden er no på høyring med høyringsfrist 1. desember 2020.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har motteke konsesjonssøknad og konsekvensutgreiing frå Haugaland Kraft Nett for ein ny om lag 22,5 km lang 132 kV kraftleidning mellom Langeland og Otterå transformatorstasjonar, i Tysnes og Austevoll kommunar i Vestland fylke.