Austevoll kommune

Ny koronasmitte i Austevoll

Onsdag 3. mars fekk kommunelegen stadfesta eit nytt smittetilfelle i Austevoll. Dette minner oss igjen om at smittesituasjonen ikkje er avklart, og at det fortsatt er viktig å ta i vare alle gode smitteverntiltak i kvardagen. Den smitta er i heimeisolat og 8 nærståande i kommunen er i karantene.

Fredag 5. mars melder kommunelegen at det ikkje er påvist nye smittetilfelle i Austevoll kommune.