Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Ny leiar og nestleiar i ungdomsrådet

Tobias Møgster Samland og Tuva Klepsvik Sæle er ny leiar og nestleiar i ungdomsrådet.

Frå venstre: Peder Totlandsdal, Nora Møgster, Tuva Klepsvik Sæle, Tobias Møgster Samland, Maritinius Breidablik Reikvam Suphammer, Vegard Bruntveit, Emma Tømmerbakke Birkeland og Halvard Søreide.

Ei rekke saker som kommunen behandlar angår ungdom. For at ungdom skal kunne kome med sine innspel og medverke i saksbehandlinga, så skal alle kommunar ha eit ungdomsråd. Ungdomsrådet kan dessutan ta opp saker på eige initiativ.

I Austevoll består ungdomsrådet av åtte engasjerte medlemar som er valte av kommunestyret for to år om gongen. Rådet vel sjølv kven av medlamane som skal vere leiar og nestleiar.

Før sommaren fekk leiar Herborg Kolbeinshavn fritak frå ungdomsrådet på grunn av utdanning. I dagens møte i ungdomsrådet skulle det derfor veljast ny leiar, og Tobias Møgster Samland blei valt til leiar.

Sidan Tobias allereie var nestleiar, måtte det derfor veljast ny nestleiar, og Tuva Klepsvik Sæle blei valt til dette vervet.

Ungdomsrådet i Austevoll kommune ser dermed slik ut:

  • Tobias Møgster Samland, leiar
  • Tuva Klepsvik Sæle, nestleiar
  • Martinius Breidablik Reikvam Suphammer
  • Nora Møgster
  • Vegard Bruntveit
  • Peder Totlandsdal
  • Halvard Søreide
  • Emma Tømmerbakke Birkeland

Varamedlemar er Eline Louise Økland Nordeide og Oskar Mathias Myrvoll.